Den sang vi ofte da jeg var liten!
Fant denne teksten - du synger "hei-fara" og "falt-uri-tural-tura" mellom...
1) Mannen han gjekk seg åt veaskog
Då sat der ei kråke i lunden og gol.
2) Mannen han tenkte med sjølve seg:
Ska tru om den kråka vil drepa meg?
3) Å mannen han snudde om hesten sin,
so køyrde han heimatt til garden igjen.
4) Å høyr du min mann kva eg spøre deg:
Kor vart det av veden du køyrde til meg?
5) Eg køyrde no ingen ved til deg,
for kråka ho svor ho sku drepa meg.
6) Å no har eg alder høyrt større skam!
Har du høyrt at ei kråke kan drepa ein mann?
7) Men kråka kom etter på taket og gol,
og mannen han opp gjennom ljoren for.
8) Å mannen han spente sin boge for kne,
so skaut han den kråka så ho datt ned.
9) So spende han føre dei folane ti;
men kråka ho sprengde alle dei.
10) So spende han føre dei folane tolv,
då køyrde han kråka på låvegolv.
11) So flådde han kråka og lema ho sund,
ho vog inpå sekstan og tjuge pund.
12) Av skinnet so gjorde han tolv par sko,
det beste paret det gav han til mor.
13) Å kjøtet det salta 'an i tønner og fat,
og tunga den hadd 'an til julemat.
14) Av tarmane gjorde han tolv par reip,
og klørne dei hadde han til møkkagreip.
15) Å nebben den brukt 'an til kyrkjebåt,
så folk kunne sigla på te og frå.
16) Å mun'n den brukt 'an til mala korn,
og øyro dei gjord 'an til tutarhorn.
17) Av augo så gjorde han stoveglas,
og nakken den sett 'an på kyrkja til stas.
18) Å den som kje kråka kan nytta så,
han er ikkje verd ei kråke å få.
__________________
Mamman til storebror (2004) + mellombror (2006) og lillebror (2008)
|