Eg sit og skriv eit innlegg på bloggen min no, der eg har lyst til å liste opp alle argument for bakovervendt bilsikring på ein punktvis, kortfatta og enkel måte. Eg føler at eg treng ei enkel argumentliste for å underbygge det at bakovervent er best. Kan de dyktige damer hjelpe meg å fylle ut og kvalitetssikre det eg skriv?
Eg oppdaterar lista her i fyrste innlegg.
Bakovervendt er best fordi:
Argument 1. Risikoen for å bli drept eller skadet er fem ganger høyere i forovervendte barnestoler enn i bakovervendte. Barn bør derfor sikres bakovervendt så lenge som mulig, helst til de er ca. fire år. Kjelde: Trygg Trafikk.
http://tryggtrafikk.no/Norsk/Trafikk...licShow;ID=926
Argument 2. Born under fire år har så stort hovud i forhald til kroppsstørrelse, at ei bilulykke vil påføre store nakkeskadar, i verste fall dødsfall (trenger ein link her)
Argument 3: Best i test er ikkje alltid best. Testane tek ikkje omsyn til at bakovervendt alltid er betre enn framovervendt. Bakoverseter ofte er vanskelegare å feste, og dei får trekk på brukarvenlegheit.
NTF Konsument - Att tolka testresultat
Argument 4: Bilsjuk? Det er i realiteten svært få born som vert bilsjuke av å sitte bakovervendt. Har du testa alt på denne lista?
http://sikringavbarnibil.blogspot.co...syke-barn.html
Argument 5. Bakovervendt anbefales sjølv om det er større hyppigheit med påkjørsel bakfrå-ulykker. Årsaken er fart og skadeomfang, ved bakfrå ulykker er det enten bevegelse i samme retning, eller ein stilleståande bil, og dette gjev mykje mindre skader enn dei enorme kreftene som er i sving når to bilar frontkolliderar.
http://www.tryggtrafikk.no/?module=A...icShow;ID=3151
Argument 6. Vaksne trur det er ubehageleg for bornet å ha bøygde bein, men i realiteten tåler born godt å ha bøygde bein, dei tåler dette mykje betre enn vaksne. På langturar bør ein ta gode pausar og late alle få strekke på beina. Uansett bør sikkerheita være viktigast.
http://sikringavbarnibil.blogspot.co...ke-farlig.html