Homeopati, erfaring og evnt. fjernbehandling
|
|
Me vurderer i desperasjon homeopati på Lillebror pga. halvtanna år med at den eine infeksjonen avløyser den andre. Barnelege har sett han på forebyggande astmamedisin, men har ikkje sett betring. I desperasjon vurderer me alternative behandlingsmetodar.
Akupunktur er eg redd blir trøblete med ein aktiv toåring med kvitfrakk-angst. Tenker da at homeopat er naturleg å forsøke, men det finnes ikkje ein homeopat i mils omkrets. Er det mulig å ta dette via telefonkonsultasjon. Me er sjølvsagt villige til å betale det ein ordinær konsultasjon vil koste!
Ønsker også å høyre om erfaring med alternativ behandlig på immunforsvaret.
__________________
Bergensis
Storesøster 2002
Lillebror 2007
|