Endelig er dagen her, den siste januardagen! Hanna som har gått rundt og sagt "alere" til alle som har hatt bursdag kan endelig seie "alere Hanna"

Som eg venta for 2 år sidan...
Gratulerer så mykje med dagen kjære, vesle, store solstrålen min.
Du er ei fantastisk jente som sprer så uendelig mykje glede rundt deg. Du gir dei beste klemmane, kryp gjerne opp i fanget og gir gode klemmar. Du er for meg eit bilete på kjærleik, og eg er så uendelig glad i deg.
Håper du får ein fin bursdag vennen min, sjølv om den vert feira med litt feber i kroppen. Eg er jo nesten litt "heldig", for da får eg jo vere saman med deg heile dagen.
Hanna helser så mykje og gratulerer til dei to andre jubilantane i klubben Helene og Magnus Andrè.