Eg har ammefri ein time om dagen. Sa til arb.givar at eg ville ha det, viste til reglar om at det ikkje er aldersbegrensa rett. Spurte om dei ville ha attest fra lege/helsesøster, men det trengte dei ikkje. Har ikkje sagt kor lenge eg skal ha det, får sjå det ann, ei stund til i allefall.
Arbeidsgivar har ikkje sagt noko negativt om dette, dei einaste som rynker på panna er eit par kollegar, damer på 50-60 år som lurer på om eg kan halde på med dette til Hanna begynner på skulen

Eg har plan om å amma til Hanna er 2 år om ho vil ha, men skal nok neppe ha permisjon lenger enn max til sommaren tenker eg.