Ja, så var dagen her. Hanna sin første barnehagedag.
Med sekk på ryggen entra ho den nye verda, barnehagen. Det gjekk veldig fint i dag, men så var eg der heile tida også da
Hanna skal gå på ei avdeling med 9 born under 2 år. I dag var det berre tre barn der, og ein sov, så det var berre Hanna og to andre småjenter der, saman med tre vaksne, så det må vel vere bra vaksendekning
Hanna krabba rundt, såg på leikene, prøvde seg ein liten tur i armane på ped.leder og var innom mamma av og til. Såg ut som ho kosa seg. I morgon skal ho vere litt aleine. Litt spennande, men eg er sikker på at det går fint.