I dag har vi vore på farten heile dagen, men da vi kom heim utpå kvelden og henta posten låg det ein pakke i postkassa! Til Hanna!
Hm, tenkte vi, kva kan dette vere? Inni pakken låg eit nydelig kort og ein spennande rosa pakke. Inni pakken var eit kjempefint trepuslespel med bilde av mamman og geitekillingbarna fra eventyret om ulven og geitekillingane. Hanna vart kjempeglad og måtte pusle minst tre gongar til tross for at klokka var langt over leggetid.
Inne i det flotte kortet sto det ei hyggeleg helsing til uheldige Hanna som har brukke foten, og kven var det fra? Jo "Marita og mamma" sto det. "Marita?" tenkte eg i to sekund før det slo meg at vi har ei lita Marita her inne, som har ei flott mamma som heiter Oss! Eg kjenner ingen andre Marita eg, så eg drister meg til å seie TUSEN TAKK

til Oss og godjenta Marita. Dette var jammen eit hyggelig lyspunkt! Tenk at det sit ei dame ein annan plass i landet og sender pakke til mi lille jente. Blir heilt rørt eg
Har tatt bilder, men finn ikkje kortlesaren no, så det får kome etter kvart