http://www.bt.no/lokalt/bergen/article241525.ece
Men dersom en person er akutt psykotisk, risikerer han å bli påsatt håndjern og hentet med politibil. Det er ingen grunn til at det skal være slik, sier Pedersen.
Da eg budde på studentheim var eg, saman med dei andre bebuarane, vitne til ei slik "henting". Vedkommande hadde da over lengre tid oppført seg tiltakande merkelig ( i tillegg til at han var ein eksentrikar til vanleg!). Pårørande budde ikkje i byen, men hadde uttrykt sin bekymring, men kva kunne gjeras? Det vart tatt kontakt med psykiatrisk legevakt, og dei sa at han var velkommen til å komme dit, men vedkommande innsåg ikkje sin sjukdom/psykose.
Det heile kuliminerte i at han knuste studenthybelen sin til pinneved. Han trua aldri oss direkte, men me følte oss opplagt ikkje trygge. Psykiatrisk legevakt vart på nytt ringt, og det vart bedt om ambulanse. Me fekk da til svar at ambulanse kunne me berre gløyme, for dei hadde ingen mulighetar til å utøve tvang dersom det vart nødvendig. Og med ein vaksen mann som nett hadde knust hybelen sin til småbitar, var risikoen for stor for ambulansepersonalet. Dei sendte uniformert politibil og mannen vart bært ut med håndjern på hender og føtter.
Det var dramatisk! Men eg skjønnar godt at ambulansen ikkje vil hente psykotiske pasientar. Dei har jo ikkje lov til å utøve verken fysisk tvang eller medikamentell tvang (beroligande sprøyter f.eks.). Og når pasienten opplagt er psykotisk og ustabil, er vel sjansen relativt stor for at det kan utvikle seg voldelege situasjonar?
Synes godt at politiet kanskje kunne tatt seg bryet og komme i sivil, men så er det jo slik at ofte hastar dette for pasienten og omgjevnadane, og politiet har også eit pressa tidsskjema. Alternativt kunne legevaktslege fulgt med i ambulansen, slik at beroligande kunne blitt gitt. Men så er det jo sånn at politiet er trena i håndtere konfliktfylte og voldsprega situasjonar, ambulansepersonale og lege er ikkje trena til dette.
Ingen enkel sak, gitt, men eg skjønnar kvifor politiet måtte komme i "vårt" tilfelle.