Sv: Vaksinere eller ikke vaksinere...
|
|
Slike reaksjonar som veninna di fekk er ekstremt sjeldne. Kanskje ein blant ein million som opplever noko sånt. Og er det sikkert at det var vaksinen som gjorde det?
Og det med krybbedød er nok berre tull. I dag er det noko sånt som 9 tilfeller av krybbedød i året her i landet, mens mange tusen blir vaksinert kvart år. Og fleire av dei ni som døyr i krybbedød er sjuke frå før av, f.eks diverse syndrom. Trur ikkje du skal bekymre deg for det.
Syns heller du skal fokusere på den risikoen du utsetter barnet ditt for dersom du ikkje vaksinerer. For ikkje å snakke om den risikoen du utsetter andre for ved at barnet ditt kan få alvorlige sjukdommar og smitte andre.
Kikhoste og tuberkolose er på full fart tilbake her i landet, blant anna pga innvandring og pga av at vi reiser mykje meir utanlands no enn før.
Dersom ein baby blir smitta av kikhoste er det faktisk fare for livet. Ei veninne av meg fekk kikhoste for ein mnd sidan (vaksinen kan miste effekten etter 12 år, så dei vurderer å begynne med revaksine av 12-åringar). Heldigvis var den 6 mnd gamle dattera hennas vaksinert. Eg kjenner også til ei her i Bergen som opplevde å miste den nyfødte lillebroren sin fordi ho gjekk rundt med kikhoste uten å vite det. Babyen blei smitta og døde.
Når du vaksinerer ditt barn er ikkje dette berre for å beskytte ditt barn, men for å beskytte samfunnet generelt for smitte. Dersom vi klarar å utrydde sjukdommar ved at flest mulig vaksinerer seg klarar vi også å beskytte dei som av forskjellige helsemessige årsaker ikkje kan vaksinere seg.
Dei aller, aller fleste får ikkje noko verre reaksjon enn litt feber ein dag eller to.
__________________
22.mars 07
september 04
|