+ Svar på diskusjon
Viser resultater 1 til 3 av 3

Diskusjon: Min tredje igangsatte fødsel

  1. #1
    Supermedlem
    Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte
    kesam sin avatar
    Medlem siden
    Mar 2006
    Meldinger
    1,158

    Min tredje igangsatte fødsel

    Eg er ein fødemaskin!
    Eg trenger berre litt hjelp med å få fødselen i gong. Jordmora mi sa at eg har "typisk lange svangerskap", og den kombinasjonen med "føder store barn". Dersom denne fødselen hadde starta av seg sjølv, ville det vore nærmare jul, og bornet kunne sjølv spasert heim frå fødestova.

    Så med eit vekstestimat på omlag fireogeinhalv kilo med baby til termin, vart eg lagt inn og satt i gong tre dagar over terminen. Framgangsmåten var lik som forrige gong, inn på venterom 13, og ein tablett opp i dåsa. Legen sa: "du er like moden som ein finger, og eg har små fingrar". Nøyaktig fire timar etterpå fekk eg ein tablett til, og no byrja eg å vente på smerter.

    Ingen rier kom, det einaste som skjedde var at mannen min kom frå jobb, og eg vart med han for å hente i barnehagen, og spise tomatsuppe med min mor aka barnevakten.

    Halv sju var eg tilbake på sjukehuset, og vart undersøkt på nytt. På magisk vis har hovudet til babyen kommet seg ned i bekkenet, og me kan ta vatnet. Framleis ingen rier.

    - "dette er ein kjedeleg fødsel", sa mannen min, han ville reise heim for å sove. Eg var eigentleg einig med han, det var litt kjedeleg. Så blasert som ein kan bli når det er den tredje fødselen på fire år, og det skjer litt på samme måte, alle gongene. Som ein film ein har sett før. For det kom jo ingen rier enno, så me kunne likesågodt kvile litt.

    Eg sov ein time eller to, og så byrja det å skje nokon rare sitringar i livmora. JIPPI, tenkte eg, endeleg litt rier. Dei var slett ikkje vonde, og hyppigheita var omlag 15 sek kvart tiende minutt. Klokka halv tre byrja eg å ta tida, no kjende eg at riene var effektive, for dei var vonde, men framleis kom dei berre kvart tiende minutt. Eg tok ein dusj, og så kvilte eg litt meir. Når riene var så vonde at eg ikkje klarte å sovne mellom dei, så ringde eg på jordmor.

    - 4 cm, men tøyeleg til seks, sa ho, og meinte eg kunne ringe mannen, for eg skulle få ei fødestove.
    I det eg ringde til mannen, så var eg heilt fin og klar og hadde det heit greit eigentleg. Men no starta den aktive fasen. I det mannen kom inn døra, så springer eg inn på badet.

    -"eg må spy!" ropar eg, og står med hovudet ned i doen, spyr og skjelver og er svimmel og ristar og kjenner at babyen skrur seg ned i bekkenet, og det kjennest som eg må bæsje.
    -"skal eg hente hjelp" spør mannen forsiktig, eg trur dette kom litt overraskande på han. Hjelpen tek jo sjølvsagt evigheiter før den kjem, eg snakkar maange minuttar. Eg krøker meg opp i senga, og dei trillar meg inn på fødestova, og i det eg legger meg over i fødesenga, så får eg lov til å presse, og i løpet av to pressrier, så er gullungen ute! Fantastisk!
    Tripp, Trapp, Tresko

  2.  
  3. #2
    Seniormedlem
    Rykte Rykte Rykte
    Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte
    Annba sin avatar
    Medlem siden
    Oct 2007
    Sted
    på høyden!
    Meldinger
    1,734

    Sv: Min tredje igangsatte fødsel

    Keiserinna '03 Kronprinsen '07 Lynvingen '09
    bitttittpassesegboAnnba er endelig Mrs. T
    flyttelittpå denne bortover h

  4. #3
    VIP-Medlem
    Rykte
    Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte Rykte
    Dolly sin avatar
    Medlem siden
    Jul 2004
    Sted
    Tjelta
    Meldinger
    6,099

    Re: Min tredje igangsatte fødsel

    For en fantastisk fødsel
    Dolly
    Elsker jentene mine over alt på denne jord!!
    -05 og -08 Og en liten prins på vei som kommer i Juni 13
    “Be Who You Are and Say What You Feel Because Those Who Mind Don't Matter and Those Who Matter Don't Mind."




 
+ Svar på diskusjon
  • Del på Facebook
  • Lignende diskusjoner

    1. Min tredje og siste fødsel!
      Av Gorine i forum Fødselshistorier
      Svar: 27
      Siste melding: 10-07-2007, 12:07
    2. Min flotte tredje fødsel
      Av Elin i forum Fødselshistorier
      Svar: 9
      Siste melding: 10-07-2007, 11:41
    3. min tredje fødsel :)
      Av jupiter_c i forum Fødselshistorier
      Svar: 1
      Siste melding: 10-07-2007, 11:38
    4. Min tredje fødsel (lang)
      Av Sarelle i forum April
      Svar: 2
      Siste melding: 06-05-2007, 10:44
    5. Min tredje fødsel..
      Av Lenemor i forum April
      Svar: 2
      Siste melding: 20-04-2007, 16:11

    Stikkord for denne diskusjonen

    Sosiale Bokmerker

    Sosiale Bokmerker

    Regler for innlegg

    • Du kan starte nye diskusjoner
    • Du kan svare på meldinger/diskusjoner
    • Du kan ikke laste opp vedlegg
    • Du kan ikke redigere meldingene dine