Fredag var det endeleg Storesøster sin tur til å ha klassebamsen med seg heim i helga. Det har vore stor stas. Han har hatt eige fat, glas og bestikk til middag, han har hatt eiga pute og dyne i senga og han fekk eiga skål med lørdagsgodt i går.
I helga har me hatt omgangssjuka i hus. Trudde i det lengste at storesøster skulle slippe unna, men ho har no kasta opp sidan i 2 tida i natt. Bamsen er utan "skader" heldigvis.
Eg er passe nevrotisk når det kjem til oppkast og no lurer eg på om han bør i karantene før han skal tilbake på skulen. Vil så gjerne unngå å smitte dei andre i klassen
Skal me ha han heima nokre dagar først?
Er eg heilt på bærtur når eg tenker sånn?
__________________