+ Svar på diskusjon
Viser resultater 1 til 3 av 3

Diskusjon: Vesle guten i skogen for

  1. #1
    anwo
    Gjest

    Vesle guten i skogen for

    Er det nokon som kan teksta på denne sangen?
    Det min kjære bestefar på 87 syng til yndlingsoldebarnet sitt er slik:

    Vesle guten i skogen for
    Tusla seg vekk i frå far og mor
    Han var liten heime hjå mor
    Men i skogen der var han stor,
    tenkte guten.

    Det fyrste gongen han sang den igjen no, fekk eg litt flashback, for den sang han til meg for 30 år sidan. Og eg hugsar at det var noko om ein bjørn, og det var ganske spennende...
    Desverre hugsar ikkje oldefar resten av teksta, og det kan godt hende at han ikkje hugsar rett det han syng heller

    Kan nokon hjelpe meg?

  2.  
  3. #2
    Uregistrert
    Gjest

    Sv: Vesle guten i skogen for

    Denne songen står nok i Austlids lesebok for folkeskulen. Eg har sett han og kan tonen frå mi barneskuletid.
    Lukke til.

  4. #3
    Uregistrert
    Gjest

    Sv: Vesle guten i skogen for

    Her kjem teksten:
    Vesle guten i skogen for, tusla seg bort frå far og mor.
    Heile munnen var blå av bær. "Du og du, det er mange her," tenkte guten.

    Og han stabba på naken fot mellom graner og fururot.
    Han var liten heime hos mor.
    "Men i skogen, her er eg stor," tenkte guten.

    Skogen braka, og greiner brast, det var einkvan som trødde fast.
    Men den vesle, ja han vart glad: "Eg får følgje, og det var bra," tenkte guten.

    "kva slag dyr er no dette tru? liknar korkje hest eller ku."
    Guten grunda ei lita stund. "Undrast på om det er ein hund?" tenkte guten.

    Heilt bortåt den kvasse tann, set han trygt sitt blåbær-spann,
    dyret kan eta alt der er. "Ja så menn er han glad i bær," seier guten.

    Så kom mora, hua og skreik. Guten stod der, bjørnen veik.
    "Gud skje takk at du lever enn!" "Trur du ikkje han kjem igjen?" klagar guten. (frå svensk)

 
+ Svar på diskusjon
  • Del på Facebook
  • Sosiale Bokmerker

    Sosiale Bokmerker

    Regler for innlegg

    • Du kan starte nye diskusjoner
    • Du kan svare på meldinger/diskusjoner
    • Du kan ikke laste opp vedlegg
    • Du kan ikke redigere meldingene dine