Dagbladet 5. februar 2005:
"En fødsel kan av og til være mer traumatisk for far enn for mor, sier Bjørn Backe, professor i fødselshjelp. Han vil sende noen fedre på gangen under en fødsel."
Tysdag 1. februar hadde eg gleden av å kunne vere saman med kona mi då ho føda sonen vår, Leander. Eg fekk oppleve ein lang fødsel med mykje blod og eg såg kona mi måtte lide seg gjennom vanvittige smerter. Likevel opplevde eg seansen som det mest naturlige i verda. Det var slik det skulle vere. Ein viktig del av det å bli far er å kunne oppleve når barnet ditt ser verda for fyrste gong. Samtidig veit eg at min kjære hadde stor nytte av at eg var der saman med ho der.
Det er ein mindre god ide å sende oss på gangen. Det kan bli endå meir traumatisk det ute.
JazzyHal
- far til Leander født 01.02.2005
Sosiale Bokmerker