Det er såpass mangen oppegåande jenter her inne på dette temaet så eg prøver meg med eit par spørsmål.
Har ein VW Caravelle som eg kjører rundt i. Er av den lange typen. Setene bak er fordelt som om det var ein buss. Dvs at dei tre setene bak, står etter kvarande og ikkje ved siden av kvarandre.
Pr dags dato sitter dei to største i hts seter ( bakovervendt så klart ) Eldste blei 3 i juli, mellomste blir snart 2. Begge er to små lette fjær.
Setet til eldstemann er det skjedd noko med. Trekket med isoporen i, er løsna frå setet på den venstre sida oppe. Har sendt mail til HTS om dette, men noko svar kan eg vist sjå langt etter. Liker det ikkje, veit ikkje kva dette kan ha å sei, for sikkerheten til stolen ved ein kollisjon.
Minste tulla mi sitter i Maxi Cosi med base. Trur ho kan ha det ei stund enno.
Har mest lyst til å kjøpa nye seter til dei to eldste no. Ein ting er at desse berre går opp til 18 kg, ein annan ting er at me heller ikkje får vaska dei.
Er ikkje noko trekk som går ann å ta av, og stolane ser ut deretter og.
Kva seter vil de annbefale oss å sjå på ?
Sosiale Bokmerker