Me trenger nytt bilsete.
Me trenger også ny bil snart.
Leser ofte at ekspertane her inne anbefalar at ein prøver bilsetet i bilen sin for å sjå om det passar. Det gir oss litt hodebry, for me trenger nytt sete innan ein månad eller to. Ny-bilkjøp ligger litt lengre fram i tid, men ikkje meir enn 6-7 mnd. eller så.
Korleis angriper me den problemstillinga?
Me kan jo ikkje prøve setet i den nye bilen ettersom me ikkje har bestemt oss enda. Å prøve setet i den bilen me har no er litt fånyttes ettersom det kun blir brukt der nokre månader.
Me trenger eit sete som fungerer i både ny og gamal bil.
Me har ein Avensis frå 1999
Vurderer å kjøpe VW Touran, men ikkje avgjort enda.
Sosiale Bokmerker