Hei.
Som pappa er eg vel kanskje ikkje velkomen her inne, men eg veit det er så mykje kompetanse hjå medlemmane, og sambuaren min er ikkje så interessert i dette, så eg prøver meg likevel...
Eg har ein gut som er 9 mnd.
Han har aldri babla, og lagar stort sett aldri andre lydar enn "æææ".
Innimellom har det kome ein "da", "ba" og muligens ein gong ein "baba", men det ser ikkje ut som det er bevisst kommunikasjon frå den vesle. Etter å ha sagt dette går det igjen dagar før neste lyd som ikkje er den vanlege "æææ".
Han er elles i rute motorisk; han kjem seg opp i ståande åleine, med støtte. Han kjem seg raskt fram med åling, og han har nett lært å sitja sjølv. Det verkar også som han er med elles også; han ler og gret, han er veldig oppmerksom på kva som skjer rundt han, og smiler alltid til storebror sin på 2.
Likevel bekymrar det meg med den totale mangelen på andre lydar. Når broren var 2 mnd, sa han "a-di" og laga mange god-lydar som "a-ooo" og liknande. Det har aldri den minste gjort.
Håper det er nokon der ute som har hatt same opplevinga og kan fortelje meg korleis det gjekk, både dei som det har gått bra merd og evt om det er nokon som i ettertid har sett dette som eit teikn på at noko var gale. Fekk de hjelp? (På helsestasjonen er dei (som vanleg) avventande...)
Sosiale Bokmerker