Ja, tenk, i dag er det 1 år sidan.... Det er eit år sidan klubben vår gjekk gjennom eit uendeleg stort tap, da Superior måtte ta farvel med sin kjære lille Minstemann. Den lille kjempen som vi heia på, håpa for og bedde for. Det vart nok felt mange tårer for eit år sidan rundt om i heimane til Førstedamene. Eg trur eg har tenkt på Minstemann og familien kvar dag i året som har gått, og de er framleis med i tankane Superior. Sender dykk ein ekstra klem i dag, og håper de klarer å kome gjennom dagen med dei gode minna etter nydelige Minstemann, med dei blåaste augene ein kan tenke seg.